kjonnsforskning.no

Prosjektleder

Hilde Danielsen, forsker II, Rokkansenteret

Søk på nettstedet hos Google

Samlivskurs. Ein kulturanalytisk studie av kjønn, likestilling og parforhold

Type prosjekt:
forskerprosjekt
Tidsperiode:
2005–2008
Støttebeløp:
2.426.000

Samarbeidspartnere

Samarbeidspartner:
Kari Ludvigsen, Wencke Mühleisen, Janne Bøe, Tone Hellesund

Kva ideal og normer for samliv er dominerande i Noreg i dag? Dette prosjektet har analysert normer og ideal for heteroseksuelle parforhold gjennom en studie av samlivskurs og av par som har vært med på slike kurs.

Studien har retta seg mot to arenaer: den institusjonelle, gjennom ein analyse av politiske prosessar og ekspertdiskursar og den individuelle, gjennom analyse av intervju med par som har vore på samlivskurs. Det statlege samlivskurset Godt Samliv er godt eigna til å kaste lys over ideal og normer for parforhold, fordi det som eit verkemiddel i velferdsstaten, må spele på ideal og normer som er legitime, både politisk sett og i befolkninga. Den offentlege støtta til samlivskursa blir hovudsakleg grunngjeve med omsyn til barnets beste og til ønsket om å støtte opp om stabile og langvarige samliv. Den heteroseksuelle kjernefamilien er norma samlivskursa byggjer på.

Sjølve ideen om eit kurs for samlivet byggjar på at parforhold blir oppfatta som noko som kan og bør pleiast og styrast i bestemte retningar, det er ikkje noko som skjer av seg sjølv. Bodskapen i kursa er at samliv og kjærleik er arbeid som krev innsats for å haldast ved like. Kommunikasjon vert framstilt som eit sentralt reiskap til å arbeide med utfordringar i samlivet og til å dyrke og utvikle kjærleiken. Samlivskursa tilbyr praktiske råd og konkrete teknikkar for kommunikasjon og problemløysing. Kurset føreset slik at paret skal skapast, og at dei vil trenge verktøy til å takle prosessar som elles vil kunne resultere i brot. Strategiane for å sikre samlivet er å reflektere over eigne forventningar, stille krav til eigen innsats for partnaren, lære seg å kommunisere betre, jobbe med problemløysing og å finne fram til gløden i samlivet. Kursa byggjer på ei førestelling om at forbetring av kommunikasjonen, vil skape betre parforhold. Denne forbetringa viser seg i form av mindre konfliktar og meir utveksling av den typen som partane ønskjer for å stadfeste intimitet og fellesskap.

Kursa reproduserer dominerande kulturelle mønster, men kan også tolkast som eit motsvar til dyrkinga av den romantiske kjærleiken, slik den kjem til syne i populærkulturen, gjennom Hollywood-filmar og kjærleikssongar. Den pasjonerte kjærleiken som overskuggar alt anna i livet, er eit fråverande tema i kursa. Målet med kursa er i stor grad å reflektere over eige parforhold for å bidra til positiv endring og for å ruste para for «vonde dagar». Det er kvardagskjærleiken, vennskapen og respekten som vert tematisert gjennom kursa.

Ønsket om å jobbe med kommunikasjon handlar først og fremst om å løyse problem og vanskar, men også om å utvikle nærleik og emosjonelle band. Para som går på kurs, sluttar i stor grad opp om bodskapen i samlivskursa. Kommunikasjon trer fram som ein ny og viktig ingrediens i samliv, som par kan bruke til å måle seg sjølve og andre ut frå. Intervjua med para viser til ei sterk tru på å endre seg sjølv og det samlivet dei er del av, at relasjonar kan styrast, dårlege mønster endrast. Ord som investering og jobbing vrir tankane over mot det rasjonelle der kjenslene er underlagt fornufta, hjartet underlagt hovudet. Arbeidet med kommunikasjon dannar ein ny type arbeidsfellesskap for paret, samanlikna med det praktiske arbeidsfellesskapet ekteskapet var før det vart det kjenslebaserte kjærleiksforholdet. Kontrakten mellom partane i samliv som har som mål å vere forpliktande og langvarige, vert reformulert til å gjelde vilje til arbeid og investering i relasjonen.

Publisert: 15.04.2008
© KILDEN. Nettpresentasjon av forskningsprogrammet
Kjønnsforskning: kunnskap, grenser, endring 2001—2007
utarbeidet av KILDEN for Norges forskningsråd.
KILDEN
Forskningsrådet