kjonnsforskning.no

Prosjektleder

Tone Hellesund, forsker II, Rokkansenteret

Søk på nettstedet hos Google

Transseksualitet – mellom kropp, kjønn og seksualiteter. Kulturanalytiske perspektiver på kjønnsambivalens

Type prosjekt:
personlig doktorgradsstipend
Tidsperiode:
2003–2006
Støttebeløp:
1.668.000

Kva for koplingar mellom kropp, kjønn og seksualitet er legitime i det norske samfunnet i dag, spør forskaren på dette prosjektet. Han har granska livshistoriene til transseksuelle for å finne svar.

Kjensla av å vere «fødd i feil kropp» er ei formulering som går igjen i transseksuelle sine skildringar av eigne erfaringar. Informantane i studien har det til felles at dei opplever at kroppen dei vart fødde med, uttrykkjer feil kjønn, og dei fleste av informantane har eit ønske om å gjennomføre eller har gjennomført medisinsk behandling for å endre sitt kroppslege kjønn. Ved å næranalysere eit utval transseksuelle livsforteljingar, gir prosjektet kunnskap om den mangetydige prosessen det er å konstituere seg som kjønn.

I vår kultur ser det ut til å eksistere krav om bestemte samsvar mellom kroppsleg kjønn, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Personar som overskrid desse grensene, utfordrar sentrale kulturelle mønster, og mange opplever sin eigen situasjon som problematisk.

Dei livshistoriske intervjua med norske transseksuelle gir kunnskap om korleis informantane erfarer sin eigen kjønnsmessige transformasjon. Prosjektet har hatt tre analytiske fokus: a) Kroppens kjønn: Korleis erfarer informantane kroppen si tyding for kjønnskonstitueringa; b) Seksualitet: Sjølv om ønsket om å endre det kroppslege kjønnet ikkje primært handlar om seksualitet, er det likevel slik at endring av kroppsleg kjønn får konsekvensar for seksualiteten. Korleis opplever og fortolkar dei ulike informantane samanhengane mellom kjønn, kropp og seksualitet? c) Livsforteljinga som ein arena for kjønnsskaping: Gjennom motivval, forteljemåte, og så bortetter, kan sjølve måten livsforteljinga blir fortalt på, ha tyding for korleis kjønn blir kommunisert. Eit element i arbeidet med å «skape kjønn» kan vere å revidere den levde livshistoria for å få livet til å framstå som samanhengande, einskapleg og konsistent. Livsforteljingane i studien gir ikkje eintydig eit bilete av jakt på einskap og konsistens. Det er også forteljingar som er meir utforskande og opne med tanke på kva slags framtid fortida peikar mot.

«Kjønn» er i intervjua ein meiningsskapande kategori som er fast og flytande på same tid. Jamvel om «fødd i feil kropp»-forteljinga er ei hovudforteljing i dei fleste intervjua, eksisterer det også andre tilgjengelege forteljingar, der til dømes spørsmål om kva som er «feil» og «rett» kropp blir utforska og utvikla på måtar som er mindre fastlåste og eintydige. Det er også forteljingar som utforskar og stiller grunnleggjande spørsmål ved kroppens tyding for erfaringa av kjønn, og som på det viset utfordrar forteljinga om det tvingande nødvendige i bestemte samsvar mellom kropp, kjønn og identitet. På den måten er «fødd i feil kropp»-forteljinga ei forståingsramme som på ulike måtar både blir gjenfortalt og radikalt utfordra i livsforteljingsintervjua med sjølvidentifiserte transseksuelle.

Forskere tilknyttet prosjektet

Publisert: 15.04.2008
© KILDEN. Nettpresentasjon av forskningsprogrammet
Kjønnsforskning: kunnskap, grenser, endring 2001—2007
utarbeidet av KILDEN for Norges forskningsråd.
KILDEN
Forskningsrådet